Velkommen

Velkommen på vår heimeside.
Gardsbruket Kjeka ligg i Skjåk kommune, ein idyllisk plass nord i Gudbrandsdalen/Ottadalen. Området er av dei mest nedbørfattige i landet, med ein årsnedbør på 280 – 300 mm og omkransa av to store nasjonalparkar, Reinheimen på nordsida og Breheimen på sørområdet.

Gårdsbruket
Garden er eit småbruk med litt skog og utmark, bruks-og eigedomsrett i Skjåk Almenning, bruksrett med seter i Finndalen statsalmenning og part av eigedomen Klomsro i Vågå kommune med inn- og utmark. Tidlegare låg det eit underbruk/husmannsbruk til garden som heitte Ospen/Ospejordet, dette er nå ein del av innmarksbeitet. Det er gjort mindre oltidsfunn, pilspiss og spjut frå 800 talet og på setra ei gravrøys. Namnetydinga på garden er ukjent, men i band 1 av Bygdabok for Skjåk av Hans P.Hosar, skriv han fylgjande: ….. Det er inga urimeleg hypotese å rekna med at Kjeka har vore namnet på den rekonstruerte jernaldergården….. .
Sætre vår ligger i Finndalen.


